Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Neemoi As

Spel No.1

Vanlig pris 899,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 899,00 NOK
Salg Utsolgt
Frakt beregnes ved kassen.

Utviklinga av Neemoi spel nr. 1 starta me med sommaren 2021.

Det har blitt mange kjekke timar med teikning, bygging og ut-testing. Og til slutt å produsere spelet.

Målet vårt var å lage eit spel med reglar som var lette å følgje, og som du vil spele om og om igjen. I pakken finn du to ulike måtar å spele på. Ein som går mest på flaks, og ein der du må tenkje og gruble litt meir.

Me håpar også me har laga eit spel som utfordrar kreativiteten og inviterer spelarane til å lage sine eigne spelereglar, ved å bruke delane til Neemoi spel nr1.

Kva spelereglar finn du på?

Håpar de vert like glade i spelet som me trudde de kom til å bli då me laga det.

Neemoi spel nr. 1 er eit handlaga produkt i heiltre eik. Variasjoner frå produktfoto kan forekomme. Vedlikehald: Lett oljing ved behov, med vegansk olje.

ADVARSEL! Inneheld både små og magnetiske deler. Ikkje egna for born under 6 år. Kvelningsfare. HUGS: Hald magnetar vekke frå elektroniske ting.

 

INNHALD

1 base, 1 stamme, 8 greiner, 1 pose med 10 kvite klinkekuler, 1 pose med 10 svarte klinkekuler, 2 terninger, instruksjon.

Storleik ferdig montert spel:

H: 22cm B: 17cm D: 17cm

Diameter kuler: 2,5cm