Villkår

Villkår

Partane
Seljar er:
Neemoi As
Øvre Rommetveit 14
5414 STORD
E-post: hei@neemoi.no
Telefon: 4088 7500
Org.nr: 925603198
Neemoi AS vert heretter omtala som seljar/seljaren.
Kjøpar er den forbrukaren som foretar tinginga, og vert heretter omtala som kjøpar/kjøparen.

Når kjøpar plasserer ein ordre i nettbutikken til Neemoi AS godtek og bekrefter kjøpar at alle opplysningar som vert utfylt er korrekte, oppdaterte og fullstendige.
E-postadresse og telefonnummer kan om nødvendig verte brukt som eit kommunikasjonsmiddel til varsling og fakturering.

 

Ansvarsfråskriving
Seljar tek atterhald om å korrigere feil og til å oppdatere produktinformasjonen til ei kvar tid, også etter at kjøpar har lagt inn tinginga.
Seljar tek atterhald om å endre produktspesifikasjonar og prisar til ei kvar tid.
Kjøpar er sjølv ansvarlig for å fylle inn korrekt namn, etternamn, adresse, e-post og mobil nr for at posten skal kunne nå fram. Dersom kjøpar har gitt feil opplysningar eller ikkje henta ut pakken, slik at den kjem i retur til seljar, vil kjøpar verte belasta med eit eingongsbebyr på 350,- i tilegg til returporto.

 

Pris
Den oppgitte prisen for vara/varene er den totale prisen kjøpar skal betale.
Denne prisen inkluderer alle avgifter og tillegskostnader.
Ytterligare kostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om skal ikkje kjøpar måtte betale.

 

Avtaleinngåelse
Avtalen er bindane for begge partar når kjøparen har sendt tinginga si til seljaren.
Avtalen er likevel ikkje bindande om det har skjedd ei skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljar i løysinga til tinging på nettstaden, eller i kjøpars tinging, og den andre parten ser eller burde sett at det føreligg ein slik feil.

 

Betaling
Seljar nyttar nettbutik frå Selz. Kjøpar kan betale med VISA, Mastercard, AmEx og PayPal.
All betaling skjer via Zettle by PayPal.

 

Frakt/Levering
Seljar sender vara/varene med Posten/Bring innan 2 virkedagar etter at tinginga er motteke.
Grunna posten si nye ordning med post annakvar dag i enkelte område, vil det kunna ta ein dag eller to ekstra.
Fast frakt på 99,-
Vara/varene kan også tingas med klikk og hent. Kjøpar kan då hente varene i showroomet i Borggata 27 på Stord.
Kjøpar vil etter tinging få ein e-post/sms om når varene er klare og i kva tidsrom varene kan hentast.
Risikoen for produkta
Risikoen for vara/varene går over på kjøpar når kjøpar, eller kjøparen sin representant, har fått vara/varene levert.

 

Angrerett
Angrerettlova gjeld ved alle kjøp på Neemoi AS sin nettstad.
Retur/angrerett skal vera nytta innan 14 dagar, ta kontakt på mail (hei@neemoi.no) for å få skjema tilsendt. Ikkje send varer i retur utan skjema.
Kjøpar står sjølv for frakt ved tilbakesending av produkt.
Nyttar du deg av angreretten, kan ikkje vara/varene være brukt(e).
Vara/varene skal leverast tilbake i original embalasje.
Pengane vert refundert til kjøpar innan 14 dagar etter at seljar har motteke returvarer.

 

Mangel ved varen - kjøpars rettigheter og reklamasjonsfrist
Dersom det føreligg ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at den vert oppdaga eller burde vert oppdaga, gje beskjed til Neemoi AS på mail (hei@neemoi.no)
Returnerte varer må være ubrukte og pakka i original embalasje.
Ved ein mangel eller ein reklamasjon, vert porto dekka av seljar.

 

 

Personopplysninger
Seljar er ansvarleg for innsamla personopplysningar.
Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, kun innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendige for at seljaren skal kunne gjennomføra forpliktelsane etter avtalen.
Kjøparens personopplysningar vil kun bli utlevert til andre om det er nødvendig for at seljar skal kunne få gjennomført avtalen med kjøperen, eller i lovbestemte tilfelle.
Ynskjer du få personopplysningane dine sletta hos oss, ta kontakt på hei@neemoi.no

 

Opphavsrett
Alt innhald på denne nettstaden er opphavsrettsleg beskytta og tilhøyrer Neemoi As.

Minstealder
For å kunne handle hos Neemoi må du være over 18 år.